Vi er glad for å kunne dele nyheita om at det er tatt eit viktig skritt i prosessen rundt ei potensiell utbygging av eit datasenter på Molandsmoen (gbnr. 38/133-134).
Nabovarsel om rammesøknad er nå ut. Dette markerer ein viktig milepæl for Fyresdal kommune og Myldr. Samtidig må vi understreke at det gjenstår fleire avklaringar før endeleg investeringsbeslutning kan bli fatta og spaden settast i jorda. Eit innvilga rammeløyve (rammetilltatelse) er altså ikkje synonymt med at bygging settast i gang.
Nabovarselet er sendt ut av Caerus Architects AS på vegner av EdgeConneX. Varselet gjeld for rammeløyve til heile utbygginga og omfattar oppføring av seks bygningar med tilhøyrande tekniske anlegg. Det vil bli etablert støyskjermar rundt tekniske anlegg der det er nødvendig i henhold til krav. Sikkerhetsgjerde vi bli etablert rundt heile bebyggelsen. Ei eventuell utbygging vil skje i fleire byggetrinn. Nabovarselet inneheld informasjon slik at eventuelt berørte naboar skal kunne ta stilling til tiltaket. Dette betyr at ytterlegare detaljer vil kome seinare, ved innsending av rammesøknaden.
For meir info, sjekk HER
